Lokal leverandør av drivstoff og oljeprodukt

Farsund &  Naustheller AS vart skipa 2. februar 1966 av Ottar Farsund og  Odd Naustheller.

Farsund & Naustheller AS har frå starten hatt som forretningside å tilby næringsliv og private i Sogn og Fjordane,  ein lokal distributør av  drivstoff og smøre-/ industrioljar i alle kvalitetar.

Gjennom 50 år har vi hatt kunden og miljø i fokus og satsa bevisst på å bli mellom dei beste innan vårt felt.  Vi leverer idag drivstoff og smøremidlar til store delar av Sogn og Fjordane, er ISO-godkjent innan ADR-transport Tank og ein profesjonell leverandør for industri, transport, anlegg og private. Sjå og les jubileumsheftet vårt her.

Vi er idag sju tilsette som har mange års erfaring og kunnskap om produkta vi distribuerer og sel. Har du spørsmål – ta kontakt.

Vi har også administrasjon og dagleg oppsyn med Førde Depot og Førde Sementsilo.  Med anløp av ca 70 tank- og bulkbåtar pr år, er Førde Depot/Førde Sementsilo ansvarleg for mykje av båttrafikken på Førdefjorden.

Vi leverer til:

  • Lokale bensinstasjonar
  • Landbruk
  • Entreprenørar
  • Marinaer
  • Oppdrettsanlegg
  • Forretningsbygg
  • Transport / Lastebileigarar
  • Verft / Offshore næring
  • Private

Bulkprodukt:

  • Blank Diesel (B0)
  • Farga Diesel (10 ppm)
  • Fyringsolje/Marine Gassolje (500 ppm)
  • Parafin
  • 95 okt Blyfri bensin
  • 98 oktan Blyfri bensin