drivstoff | brensel | smøremiddel | kjemiprodukt

Farsund & Naustheller  har i  50 år forsynt privatkundar og næringsliv med drivstoff og brensel, smøreoljar og kjemiprodukt. Bønder, lastebileigarar, maskinentreprenørar, fiskeoppdrettsanlegg, forretningsbygg og offshore -relaterte verksemder nyt godt av vår  gode tilgjengelegheit og service. Vi har lokalkunskapen som trengs,  og våre bilar er daglig på vegane i Sogn og Fjordane. Vi legg vekt på rask levering til rett pris. Smøreoljar og kjemiprodukt fraktar vi med tankbilane, uten ekstra kostnad for deg.

Bestill eller send spørsmål om dei ulike produkta våre her:

Drivstoff Airlift

Vi leverer drivstoff til ei rekkje automatstasjonar i heile Sogn og Fjordane, og til tankanlegg hos små og store firma. Vi har og lang erfaring som leverandør av flytande brensel, som parafin og fyringsolje.

Oljeprodukt

Vi lagerfører det meste av smøreoljeprodukt – alt ifrå dei minste volum på 0,2 liters flasker til 209 liters fat. Vil du ha større kvantum feks 1000 liter eller bulk, så skaffar vi det og, og fraktar det dit du treng det. Ikkje nøl med å ta kontakt om du treng råd om type og bruk av smøremiddel.

Farsund & Naustheller sel olje og kjemiprodukt

Vi leverer eit stort utval kjemiprodukt, som frostvæske, vindusspylervæske, kjølevæske til varmepumpeanlegg, avfettingsvæsker og væske til høgtrykksvask. Vi satsar på kvalitetsprodukt til gode prisar, og lagerfører alt i frå dei minste flaskene på 0,2 liter til tankar på 1000 liter. Les meir hos hovudleverandøren vår Kemetyl

Vera tank

Vi er opptekne av HMS, sikker lagring av diesel og andre flytande produkt.   Farsund & Naustheller leverer dieseltankar til landbruk, transport og anleggsbransjen, i samarbeid med Vera Tank og SB Industrier.  Du finn meir her: www.veratank.no